Lukke eller lykke er eit positivt omgrep som kan visa til medgang, god lagnad eller flaks, eller det å vera lukkeleg, ei varig kjensle av glede eller velvære, også kjend som sæle. Omgrepet blir brukt innan filosofi, religion og psykologi, med noko ulike definisjonar og forståingar av innhaldet. I nyare tid har det utvikla seg ein ny vitskap, lukkeforsking, som prøver å måla kor lukkelege folk er, og kva som verker inn på dette.
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet forskning