Luxembourg | |||
hovudstad | |||
Luxembourg by ligg i fleire dalar og på fleire åsar, slik at planløysinga i byen er noko komplisert.
| |||
|
|||
Land | Luxembourg | ||
---|---|---|---|
Kantonar | Luxembourg | ||
Distrikt | Luxembourg | ||
Høgd | 230–402 m | ||
Areal | 51,46 km² | ||
Folketal | 136 208 (1. januar 2025)[1] | ||
Grunnlagd | 963 | ||
Luxembourg by 49°36′38″N 6°07′58″E / 49.610555555556°N 6.1327777777778°E | |||
Kart som viser Luxembourg by.
| |||
Wikimedia Commons: Luxembourg City |
Luxembourg by[a] er hovudstad i Storhertugdømet Luxembourg og EU. Han ligg der elvane Alzette og Pétrusse renn saman sør i Luxembourg. Det historiske Luxembourg slott, som vart reist av frankarane i tidleg mellomalder, er opphav til byen.
Luxembourg by har om lag 135 000 innbyggjarar. Byen sitt storbyområde inkluderer dei omliggande kommunane Hesperange, Sandweiler, Strassen og Walferdange og har 103 973 innbyggjarar totalt. Luxembourg by ligg i hjarte av Vest-Europa, 188 km frå Brussel, 289 km frå Paris og 190 km frå Köln.[2]
Luxembourg by er ein av dei rikaste byane i verda og har utvikla seg til eit bank- og administrasjonssenter. Luxembourg er sete for fleire institusjonar i EU, som EU-domstolen, Revisjonsretten og Den europeiske investeringsbanken.
Gamlebyen i Luxembourg er skrive opp på UNESCO si verdsarvliste.
Referansefeil: <ref>
-merke finst for gruppenamnet «lower-alpha», men inkje samsvarande <references group="lower-alpha"/>
-merke vart funne