Lyngdal kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Agder | ||
Adm.senter | Alleen | ||
Areal | 642,80 km² | ||
• land | 609,23 km² | ||
• vatn | 33,57 km² | ||
Folketal | 10 835 (1. januar 2024) | ||
Målform | bokmål | ||
Ordførar | Jan Kristensen (H) | ||
Kommunenr. | 4225 | ||
Lyngdal 58°08′00″N 7°05′00″E / 58.133333°N 7.083333°E | |||
Kart som viser Lyngdal kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Lyngdal | |||
Nettstad: www.lyngdal.kommune.no |
Lyngdal er ein kommune sør i Agder fylke. Offisielt fekk kommunen bystatus den 1. januar 2001. Lyngdal strekkjer seg frå kysten og langt innover i landet. Han grensar til Farsund, Kvinesdal og Hægebostad i vest, Åseral og Evje og Hornnes i nord og Lindesnes i aust. Kommunen har tre fjordar, Rosfjorden (som har høgt saltinnhald og sjeldan frys), Lyngdalsfjorden og Grønsfjorden, som innanfor Jåsund heiter Lenefjorden. Høgaste punkt er Kalåsknipa, som på toppen er 506 m.o.h. Kommunen vart slegen saman med Austad, Kvås og delar av Spangereid (vest for Lenefjorden) i 1963. Den 1. januar 2020 slog Lyngdal og Audnedal kommunar seg saman under namnet Lyngdal kommune.
Kommunen har namn etter elva Lygna, som renn gjennom kommunen. Namnet Lyngdal tyder 'Lygna-dalen'. Viktig innan næringslivet er treforedling, jordbruk og handel. Turisme er òg sentralt, med strendene i Kvavik og Rosfjord.