Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


Madrid

For andre tydingar av oppslagsordet, sjå regionen Madrid.
Madrid
hovudstad
Symbol
Motto: Fui sobre agua edificada,
mis muros de fuego son.
Esta es mi insignia y blasón[a]
Land  Spania
Region Madrid
Del av Villa y corte
Høgd 667 m
Areal 604,4551 km²
Folketal 3 416 771 (2024)
Grunnlagd 800-talet
Postnummer 28001-28080
Retningsnummer 34 (Spania) + 91 (Madrid)
Kart
Madrid
40°25′01″N 3°42′12″W / 40.416944444444°N 3.7033333333333°W / 40.416944444444; -3.7033333333333
Wikimedia Commons: Madrid

Madrid er hovudstaden og den største byen i Spania.[3] Han er den tredje største byen i Den europeiske unionen etter Stor-London og Berlin og storbyområdet er òg det tredje største i EU etter Paris og London.[4]

Byen ligg ved elva Manzanares midt i både landet og Regionen Madrid (som utgjer byen Madrid, byområdet rundt, forstader og landsbyar). Denne regionen grensar til dei autonome regionane Castilla y León og Castilla-La Mancha. Som hovudstad i Spania er han sete for regjeringa og den spanske monarken og er det politiske senteret i landet.[5]

På grunn av den økonomiske produksjonen, levestandarden og storleiken på den økonomiske marknaden, vert Madrid rekna som eit stort finanssenterDen iberiske halvøya. Her ligg hovudkontra til dei fleste store spanske føretaka, samt hovudkvarteret til tre av dei 100 største selskapa i verda (Telefónica, Repsol-YPF, Banco Santander).[6]

Sjølv om Madrid har ein moderne infrastruktur har han bevart kjensla og utsjånaden i dei mange historiske nabolaga og gatene. Av landemerke her finn ein Palacio Real de Madrid (kongepalasset), Teatro Real (Det kongelege teateret), Buen Retiro-parken frå 1631; Nasjonalbiblioteket (grunnlagd 1712), eit arkeologisk museum og tre kunstmuseum: Prado-museumet, Museo Nacional Centro de Arte Reina Sofía, og Thyssen-Bornemisza-museumet.[7]

Folketalet i byen er kring 3,2 millionar og storbyområdet har kring 5,1 millionar innbyggjarar.[8]

  1. «Los fuegos que conmocionaron Madrid». 20minutos.es (på spansk). 6. september 2006. Henta 4. oktober 2009. 
  2. D. Ramón de Mesonero Romanos (1881). Oficinas de la Ilustración Española y Americana, red. «El antiguo Madrid : paseos históricos-anedócticos por las calles y casas de esta villa». Arkivert frå originalen 23. juli 2013. Henta 4. oktober 2009. 
  3. http://www.ine.es/ Instituto Nacional de Estadística
  4. «World Urban Areas: Population & Density» (PDF). Demographia. Henta 4. oktober 2009. 
  5. «Madrid». Indiana.edu. 10. juli 2006. 
  6. DeCarlo, Scott (30. mars 2006). «The World's 2000 Largest Public Companies». Forbes. Henta 4. oktober 2009. 
  7. «Madrid: ». Easy expat. 11. august 2006. Arkivert frå originalen 22. juli 2012. Henta 4. oktober 2009. 
  8. «Indicadores Socioeconómicos: Comunidad de Madrid». Ministerio de Administraciones Públicas. 11. august 2006. Arkivert frå originalen 29. september 2007. Henta 4. oktober 2009. 


Referansefeil: <ref>-merke finst for gruppenamnet «lower-alpha», men inkje samsvarande <references group="lower-alpha"/>-merke vart funne


Previous Page Next Page






Мадрид AB Madrid ACE Мадрид ADY Madrid AF Madrid ALS ማድሪድ AM Madrit AN Madrid ANG مدريد Arabic ܡܕܪܝܕ (ܡܕܝܢܬܐ) ARC

Responsive image

Responsive image