Sørasiatisk historie | |
---|---|
Steinalder | 70 000–3300 f.Kr. |
• Mehrgarhkulturen | • 7000–3300 f.Kr. |
Induskulturen | 3300–1700 f.Kr. |
Sein harappakultur | 1700–1300 f.Kr. |
Vedisk tid | 1500–500 f.Kr. |
Jernalder | 1200–300 f.Kr. |
• Mahadjanapada | • 700–300 f.Kr. |
• Magadhariket | • 545–320 f.Kr. |
• Mauryariket | • 321–184 f.Kr. |
Mellomrika | 230 f.Kr.–1279 |
• Satavahanariket | • 230 f.Kr.–199 e.Kr. |
• Kusjanriket | • 60–240 |
• Guptariket | •280–550 |
• Palariket | • 750–1174 |
• Tsjolariket | • 848–1070 |
Muslimske rike | 1206–1596 |
• Delhi-sultanatet | • 1206–1526 |
• Dekkan-sultanat | • 1490–1596 |
Hoysalariket | 1040–1346 |
Kakatiyariket | 1083–1323 |
Vidjayanagarariket | 1336–1565 |
Marathariket | 1674–1818 |
Mughalriket | 1526–1707 |
Sikh-samveldet | 1716–1849 |
Britisk India | 1858–1947 |
Delinga | 1947 og vidare |
Mahadjanapada (sanskrit महाजनपद, mahājanapada, 'stort land') er ei nemning for fleire større rike som fanst i Nord-India mellom 500- og 200-talet f.Kr., ein grunnleggjande periode i indisk historie. Samtidige buddhistiske tekstar nemnar 16 slike rike. Nokre av desse er også kjende frå vediske tekstar — dette gjeld Gandhara, Kambodja, Kuru/Pantsjala, Matsya, Kashi og Kosjala. Resten av rika — Avanti, Asjvaka, Sjurasena, Vatsa, Tsjedi, Malla, Vridji, Magadha og Anga — var nye statsdanningar. Desse var delvis danna av eldre statar og delvis av nye landområde i aust som byrja bli meir viktige.
Mahadjanapada-rika var anten monarki eller styrt som ein slags republikkar eller oligarki, danna som høvdingdøme av ein eller fleire klanar. Det fanst også ei rekkje mindre statar med liknande styresett, som Koliya-, Moriya-, Jnatrika-, Sjakya- og Littsjavi-statane. Sistnemnde fekk etterkvart svært mykje makt.
Institusjonsdanninga og den sosiale lagdelinga i denne perioden tyder på eit stabilt, landbruksbasert samfunn. I Mahadjanapada-tida blei det utvikla to ulike skriftystem, brahmi og kharoshti, som blei forløparane til ei rekkje moderne indiske skriftsystem. Ein byrja også ta i bruk myntar av kopar og sølv.
Fleire byar voks til under Mahadjanapada-tida, som storbyar, marknadsbyar og busetnader med bymur. Det blei også utvikla ei rekkje laug (shreni). Nokre av desse blei etterkvart til kastar.
Det fanst fleire ulike religiøse strøymingar i denne tida, typisk i mindre sekter som ajivika og carvaka. To sekter blei etterkvart til eigne religionar, buddhismen grunnlagd av Gautama Buddha, og djainismen, grunnlagd av Mahavira. Begge religionane stilte spørsmål ved dei gamle vediske normene. Dei preika begge ikkje-vald og motstand mot dyreofringar. Dei hadde system med omvandrande munkar og kloster, og gav kvinner moglegheit til å delta i desse systema.