Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


Malaisetelt

Ei malaisefelle

Malaisetelt er ei felle som vert nytta i undersøkingar av flygande insekt. Dei vart først utvikla av den svenske entomologen René Malaise i 1934, og høyrer i dag til standardutstyret ein nyttar for å avgjera mangfaldet av insekt i eit område.

Malaisefella består av ein teltduk i myggnetting som skrår opp mot eit fangstglas. I dette er det som regel eit eller anna kjemikalium som nyttast til å drepa dyra, til dømes etanol, kloroform eller liknande. Insekt som forvillar seg inn i teltet flyg oppover og følgjer duken, til dei hamnar i glaset og døyr.

Bruk av malaisetelt er særskild nyttig for å kartlegga gruppene tovenger og årevenger. Dette har skjedd i størst skala i det svenske artsprosjektet, som ved hjelp av 72 feller fekk samla inn over 40 millionar eksemplar av eit ukjend tal på insektartar.


Previous Page Next Page






Malaise-Falle German Malaise trap English Malaise-pyydys Finnish Piège Malaise French マレーズトラップ Japanese Malaisefelle NB Ловушка Малеза Russian Malaisefälla Swedish

Responsive image

Responsive image