Manuskript (av latin manu scriptum, 'skrive med handa') eller manus kan visa til ulike typar tekst. I opphavleg tyding viser det til handskrifter, særleg slike som stammar frå eldre tid. I nyare tid kan omgrepet gjerne visa til ein tekst skriven for å framførast munnleg, til dømes ein tale, eit føredrag, eit skodespel eller ein film, eller ein hand- eller maskinskriven tekst som skal setjast og trykkast.