Marāthā sāmrājya मराठा साम्राज्य | ||||
| ||||
---|---|---|---|---|
Territorium under Marathakontroll i 1760, markert med gult, utan vassalstatar. | ||||
Hovudstad | Raigad, deretter Pune | |||
Språk | Marathi og mange andre | |||
Religion | Hinduistiske retninger og mange andre. | |||
Styreform | Monarki | |||
Historie | ||||
- Oppretta | 21. april 1674 | |||
- Opphøyrde | 21. september 1820 | |||
Valuta | Hon, rupi, paisa og mohor |
Marathariket eller Marathaforbundet var eit rike som eksisterte mellom 1674 og 1818 og omfatta store delar av dagens India, Pakistan og Bangladesh. På sitt største omfatta riket størsteparten av det indiske subkontinentet og hadde eit areal på over 2,8 million km². Riket var styrt av marathitalanda hinduar frå Vest-India, og avløyste det muslimske mogulherredømet. Grunnleggjaren Shivadji er ein viktig indisk og hinduisk nasjonalhelt. Riket tapte seinare makt og territorium til det afghanske Durraniriket og til Det britiske austindiakompaniet. «Maratha» er nemninga på ein vestindisk kaste, men kan også visa til marathitalarar.
Marathariket oppstod på 1600-talet då Shivaji gjorde opprør mot stormogulen Aurangzeb. Riket utvida seg kraftig etter at Aurangzeb døydde i 1707, men tapte seinare Panjab til Durraniriket i det tredje slaget ved Panipat. Seinare blei riket delt opp i mindre marathastatar (av dette Marathaforbundet), som deretter tapte mot britane i dei tre anglo-maratha-krigane, der britane annekterte stadig meir av marathaområda. Tre av marathastatane overlevde som britiske vasallstatar fram til dei blei innlemma i sjølvstendige India i 1947–1948.