Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


Maritim kunst

'Storm på Genesaretsjøen' av Rembrandt (1633).

Maritim kunst er ei form for biletkunst som skildrar eller er sterkt inspirert av havet. Maritime måleri er ein sjanger som skildrar skip og sjø, og var særleg viktig som sjanger frå 1600- til 1800-talet.[1] Omgrepet dekker også ofte kunst som viser skipsfart på elvar og elvemunningar, strandscener og all kunst som viser båtar, utan noka skarp avgrensing – av praktiske årsaker kan emne som kan teiknast eller malast frå tørt land vera særs passande innan sjangeren.[2]

Ukiyo-e-trykk av Båtar i snø

Skip og båtar har blitt avbilda i kunst frå dei tidlegaste tidene, men marin kunst byrja berre å bli ein distinkt sjanger, med spesialiserte kunstnarar, mot slutten av mellomalderen. Han fanst då mest i form av «skipsportrettet», ein type arbeid som framleis er populært og konsentrerer seg om å visa eit enkelt fartøy. Då landskapsmåleriet utvikla seg under renessansen, blei det som kunne kallast det marine landskapet eit viktigare element i verk, men reine landskap var ikkje vanlege før seinare.

Willem van de Velde den eldre Royal Prince blir teken under Firedagersslaget, 1666.

Maritim kunst, særleg maritime måleri, som ein eigen sjanger skild frå landskapskunst, byrja for fullt med nederlandsk gullaldermåleri på 1600-talet.[3][4][5] Maritime måleri var ein viktig sjanger innan nederlandsk gullaldermåleri, noko som gjenspeglar kor viktig utanlandsk handel og sjømakt var for den nederlandske republikken. Denne perioden hadde dei første spesialiserte maritime kunstnarane, som måla lite anna. I dette, som i mykje anna, har spesialist- og tradisjonelt marinemåleri i stor grad vidareført nederlandske konvensjonar til i dag. Med romantisk kunst blei havet og kysten teken tilbake frå spesialistane av mange landskapsmalårar, og verk utan nokre fartøy blei vanlege for første gong.

  1. Contemporary American Marine Art by American Society of Marine Artists, Richard V. West, American Society of Marine Artists, Cummer Museum of Art and Gardens, Charles and Emma Frye Art Museum, Published by University of Washington Press, 1997 ISBN 0-295-97656-X, 9780295976563 (accessed Jan. 15, 2009 on Google Book Search)
  2. Cordingley, D., Marine art i Grove Art Online. Henta 2. april 2010
  3. Russell, Margarita: Visions of the Sea: Hendrick C. Vroom and the Origins of Dutch Marine Painting. (Leiden: Brill Academic Publishers, 1983)
  4. Keyes, George S.: Mirror of Empire: Dutch Marine Art of the Seventeenth Century [exh. cat.]. (Minneapolis: Minneapolis Institute of Arts; Cambridge: Cambridge University Press, 1990)
  5. Giltaij, Jeroen; Kelch, Jan; et al. (eds.): Praise of Ships and the Sea: The Dutch Marine Painters of the 17th Century [exh. cat.]. (Rotterdam: Museum Boijmans Van Beuningen, 1997)

Previous Page Next Page






فن بحري Arabic فن بحرى ARZ Marina (rəssamlıq) AZ Марына (жанр) BE Маринизъм Bulgarian Marina (slikarstvo) BS Marine art English Itsas ikuspegi EU هنر دریایی FA Art marin French

Responsive image

Responsive image