Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


Massif Central

Frankrike. Massif Central er synleg som ein stor raudaktig masse i dei sentrale og sørlege delane av landet. På den søraustlege grensa til Italia ligg Alpane, og i sørvest langs grensa til Spania ligg Pyreneane.
Massif Central i Frankrike

Massif Central er eit stort fjellmassiv i dei sentrale og sørlege delane av Frankrike. Området var tidlegare vulkansk aktivt, men det har ikkje vore nokre utbrot her på 5 000 år. Mellom Massif Central og Alpane ligg ein djup dal frå nord til sør danna av elva Rhône, på fransk òg kalla sillon rhodanien («fura til Rhône»).

Massif Central var lenge ei transporthindring, men etter at motorvegen A75 opna har det både opna opp Massif Central og gjort det enklare å kome seg frå nord til sør.


Previous Page Next Page