Maungaturoto er ein liten by i regionen Northland på New Zealand. Sjølv om folketalet i byen ved folketeljinga i 2006 berre var 837, er han den nest største busetnaden i Kaiparadistriktet.
Busetnaden ligg nær elva Otamatea River som munnar ut i Kaipara Harbour 25 km nord for Wellsford og 45 km sør for Whangarei.