Mersey | |||
elv | |||
Mersey i Liverpool
| |||
Land | England | ||
---|---|---|---|
Grevskap | Merseyside, Cheshire | ||
Nedslagsfelt | 4 680 km² | ||
By | Liverpool | ||
Lengd | 112 km | ||
Kjelde | |||
- stad | Stockport, North Cheshire | ||
Mersey 53°24′52″N 2°09′24″W / 53.414305555556°N 2.1566666666667°W | |||
Wikimedia Commons: River Mersey |
Mersey (uttale: ˈmɝːzi) er ei elv i Nordvest-England. Ho er 113 kilometer lang, og har eit nedbørfelt på 4 680 km². Elva blir danna ved samløpet mellom elvane Goyt og Tame i sentrum av byen Stockport i Stor-Manchester. Ho renn derfrå mot vest, der ei lang strekning er kanalisert i Manchester Ship Canal. Etter byen Warrington dannar elva eit opptil 5 kilometer breitt estuarium. Etter å ha passert forbi dokkområda i Liverpool og Merseyside munnar elva til slutt ut i Liverpoolbukta i Irskesjøen.
Gjennom mange hundreår danna Mersey lange delar av den gamle grevskapsgrensa mellom Lancashire og Cheshire.