Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


Metallisitet

I astronomi og fysisk kosmologi er metallisiteten (med nemninga Z[1]) til ein lekam grunnstofforholdet lekamen består av som ikkje er hydrogen og helium. Sidan stjerner, som utgjer det meste av den synlege materien i universet, hovudsakleg består av hydrogen og helium, nyttar astronomar samleomgrepet «metall» for alle andre grunnstoff.[2] Ei stjernetåke som er rik på karbon, nitrogen, oksygen og neon vil derfor vere «metallrik» i astrofysisk samanheng, sjølv om desse grunnstoffa er ikkje-metall i kjemien. Omgrepet må ikkje forvekslast med den vanlege definisjonen av «metall», sidan metallsambindingar ikkje er mogeleg i stjerner, og dei sterkaste kjemiske bonda berre er mogeleg i ytre lag av kjølige K- og M-stjerner. Jordliknande kjemi har derfor liten eller ingen relevans i det indre av stjernene.

Metallisiteten til ein himmellekam kan indikerer kor gammal han er. Då universet først vart danna bestod det nesten berre av hydrogen, i følgje Big Bang-teorien. Gjennom nukleosyntese vart ein større del helium og spor av litium og beryllium danna, og ingen tyngre grunnstoff. Derfor har eldre stjerner lågare metallisitet enn yngre stjerner, som sola.

  1. «The Most Metal-Poor Galaxies». Ned.ipac.caltech.edu. Henta 13. juni 2016. 
  2. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Martin

Previous Page Next Page