Meterkonvensjonen er ein konvensjon inngått i Paris 20.mai 1875 om å opprette eit internasjonalt byrå for mål og vekt, med standardiserte måleiningar som byggjer på desimalsystemet.
Faktor | Namn | Symbol |
---|---|---|
1024 | yotta | Y |
1021 | zetta | Z |
1018 | exa | E |
1015 | peta | P |
1012 | tera | T |
109 | giga | G |
106 | mega | M |
103 | kilo | k |
102 | hekto | h |
101 | deka | da |
10−1 | desi | d |
10−2 | centi | c |
10−3 | milli | m |
10−6 | mikro | µ |
10−9 | nano | n |
10−12 | pico | p |
10−15 | femto | f |
10−18 | atto | a |
10−21 | zepto | z |
10−24 | yokto | y |
17 land underteikna konvensjonen, mellom dei Noreg. Noreg var 26. mai 1875 det første landet som ratifiserte traktaten, etter at lovforslag om overgang til metersystemet vart vedtatt 12. mai 1875. Sverige ratifiserte Meterkonvensjonen tre år seinare, Danmark i 1907.
Den første direktøren for Bureau international des Poids & Mesures var Ole Jacob Broch.
Metersystemet byggjer på meteren som grunneining for mål og vekt. Ein meter var opphavleg ein materialisering av 1/10 000 000 av avstanden frå ekvator til Nordpolen, ein kubikkdesiemeter var ein liter, medan vekta av ein kubikkcentimeter vatn ved 4° temperatur var eit gram.