Minnesota | |||
delstat | |||
|
|||
Land | USA | ||
---|---|---|---|
Del av | Midtvesten, det kontinentale USA | ||
Hovudstad | Saint Paul | ||
Areal | 225 170 km² | ||
• land | 206 189 km² | ||
• vatn | 18 981 km² | ||
Folketal | 5 576 606 (2017) | ||
Folketettleik | 27 / km² | ||
Guvernør | Tim Walz | ||
Før innlemming | Minnesota-territoriet | ||
Innlemma i USA | 11. mai 1858 | ||
Statsnummer | 32. | ||
Forkorting | MN | ||
Minnesota 46°N 94°W / 46°N 94°W | |||
Kart som viser Minnesota.
| |||
Wikimedia Commons: Minnesota | |||
Nettstad: mn.gov |
Minnesota er ein delstat i USA. Hovudstaden er Saint Paul. Minnesota er den 32. delstaten i Sambandsstatane (USA), og vart ein del av USA den 11. mai 1858. Namnet kjem av dakota-indianarane sitt namn på Minnesotaelva, mini sota. Namnet kan omsetjast med «røyk-kvitt vatn» eller «skyfarga (himmelblått) vatn.» Minnesota kan verta forkorta til MN eller Minn.
Minnesota er den største staten etter flatevidd i midtvesten i USA. Staten ligg i regionen øvre midtvesten. (Upper Midwest). Det mest bymessige området er kjent som tvillingbyane. I tvillingbyane Minneapolis og Saint Paul, bur kring halvdelen av innbyggjarane i Minnesota. Duluth er ein viktig hamneby. Staten omfattar områda vest for Lake Superior og øvre del av Mississippielva
I staten er det mykje landbruk og matproduksjon. Det finst mange naturressursar. Mange av innbyggjarane i staten stammar frå nordiske innvandrarar.
Eit kallenamn på staten er «Gopher State» ('jordekorn/kinnposerottestaten', etter ein vitseteikning frå 1858). Andre kallenamn er Land of 10 000 Lakes ('landet med 10 000 innsjøar') og North Star State ('nordstjernestaten').[1]