Republika Crna Gora Република Црна Гора (norsk: Montenegro, montenegrinsk) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «Oj, svijetla majska zoro (Ој, свијетла мајска зоро)» | ||||||
Motto | Ingen | ||||||
Offisielle språk | Serbisk | ||||||
Hovudstad | Podgorica | ||||||
Styresett |
Republikk Jakov Milatović Milojko Spajić | ||||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn |
13 812 km² (158.) 1,5 % | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Folketeljing (2003) – Tettleik |
642 550 (164.) 620 145 46,5 /km² (133.) | ||||||
Sjølvstende |
Frå Serbia og Montenegro 3. juni 2006 | ||||||
Nasjonaldag | 13. juli | ||||||
BNP – Totalt (2006) – Per innbyggjar |
3 443 (—.) 3 800 (—.) | ||||||
Valuta | Euro | ||||||
Tidssone | UTC +1 | ||||||
Telefonkode | +382 | ||||||
Toppnivådomene | .me (.yu)2 | ||||||
1 Euro i nokre område. |
Montenegro (montenegrinsk og serbisk Црна Гора, Crna Gora, albansk Mali i Zi) er eit land på Balkan i Aust-Europa. Det grensar til Serbia i nordaust, Kosovo i aust, Albania i søraust, Bosnia-Hercegovina i nordvest og Kroatia i vest og har kyst mot Adriahavet i vest. Hovudstad og største by er Podgorica, medan Cetinje har status som Prijestonica, «det gamle kongelege setet».
Landet var eit serbisk fyrstedøme seint i mellomalderen og fekk sjølvstende frå Det osmanske riket i 1878. Frå 1918 var Montenegro ein del av dei forskjellige utgåvene av Jugoslavia og i statsunion med Serbia og Montenegro etter 2003. I røynda fungerte Serbia og Montenegro som to åtskilde statar på dei fleste område. Ei folkerøysting i landet 21. mai 2006 gjekk inn for oppløysing av samveldet med Serbia, så vidt det var. Montenegro vart åtskilt frå Serbia 3. juni 2006, og vart då ein eigen sjølvstendig stat. Same månad vart landet det 192. medlemslandet i Dei sameinte nasjonane[1] og det 47. medlemmet i Europarådet.[2]