NME | |||
![]() | |||
Oppretta | 1952 | ||
---|---|---|---|
Språk | engelsk | ||
Nettstad | https://www.nme.com |
NME, kort for New Musical Express, er eit britisk musikkmagasin som har kome ut kvar veke sidan 7. mars 1952. Bladet skriv i dag hovudsakleg om ny musikk innan sjangrar som rock, pop og indie. Bladet har stor utbreiing og påverknad. Det held ei årleg prisutdeling, NME Awards.
Bladet har vore blant dei største musikkblada, med eit opplag på 56 284 i juni 2008, og var på 1970-talet var NME det mestseljande bladet i Storbritannia. I mars 2018 kunngjorde utgjevaren av bladet at det berre kom til å koma ut digitalt, etter 66 år som papirmagasin.[1][2]