Newari नेपाल भाषा, nepal bhasa | ||
Klassifisering | Sinotibetansk Tibetoburmansk Himalayisk Newari | |
Talarar | newarar | |
Bruk | ||
Tala i | Kina, India, Nepal | |
Newaritalande i alt | 6 150 000 | |
Skriftsystem | Tibetansk skrift | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i | Nepal | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | new | |
ISO 639-2 | new | |
ISO 639-3 | new | |
Wikipedia på newari |
Newari, newar eller nepalbhasha er eit sinotibetansk språk som blir tala av rundt 825 000 menneske frå Nepal (2001), der det er offisielt språk. Det blir også tala i den indiske delstaten Sikkim, der det også har offisiell status. Landnamnet «Nepal» kjem frå dette språket, som er forskjellig frå nepali.
Newari blir tala i Katmandudalen og i dei fleste større busetnader i Nepal. Det er morsmål til rundt 5 % av nepalarar, og er knytt til folkegruppa newarar.
Språket høyrer til den himalayiske greina av sinotibetanske språk, men har også blitt mykje påverka av indoariske språk. Det er det einaste tibetoburmanske språket som blir skrive med devanagariskrift.