Newport | |||
Casnewydd | |||
by | |||
Land | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Konstituerande land | Wales | ||
Del av | Monmouthshire | ||
Areal | 73,35 km² | ||
Folketal | 159 600 (2021) | ||
Newport 51°35′19″N 2°59′52″W / 51.588611111111°N 2.9977777777778°W | |||
Wikimedia Commons: Newport, Wales |
Newport (walisisk Casnewydd) er den tredje største byen i Wales, etter Cardiff og Swansea. Han er tradisjonelt ein del av Monmouthshire, men utgjer no eit eige administrativt grevskap. Sjølve byen fekk status som city i samband med feiringa av 50-årsjubileet til dronning Elisabeth II som monark. Elva Usk renn ut i Bristolkanalen ved Newport.
Det fulle walisiske namnet er Casnewydd-ar-Wysg, som tyder «det nye slottet ved Usk». Dette viser til eit slott som vart bygt der på 1100-talet og som no er bevart som ruin i sentrum. Det vart kjent som det nye slottet på grunn av den mykje eldre romerske festninga ved Caerleon.
Fordi byen var ein viktig hamneby for handelstrafikk fekk han på engelsk namnet Newport i staden for Newcastle, som ein kunne ha venta. Under gravearbeid i samband med eit nytt kultursenter fann ein eit skip frå 1400-talet som låg godt bevart i mudderet ved hamna.
Newport er forbunde til resten av Storbritannia med motorvegen M4 og hovudjernbanelinja Great Western.