Noam Chomsky |
|
|
Fødd | Avram Noam Chomsky 7. desember 1928 East Oak Lane, Philadelphia |
---|
Nasjonalitet | USA |
---|
Område | språkvitskap, språkfilosofi, psykologi, generativ grammatikk, kommunikasjonsteori, kognitiv vitskap, sinnsfilosofi, etikk, politikk |
---|
Yrke | filosof, lingvist, politisk skribent, universitetslærar, psykolog, antropolog, menneskerettsaktivist, lærar, mediekritiker, skribent, kommentator, informatikar, historikar, filolog |
---|
Institusjonar | Massachusetts Institute of Technology |
---|
Alma mater | Harvard University Central High School Massachusetts Institute of Technology Oak Lane Day School University of Pennsylvania University of Pennsylvania |
---|
Ektefelle | Carol Chomsky, Valeria Wasserman Chomsky |
---|
Barn | Aviva Chomsky |
---|
Medlem | Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina Serbias vitenskaps- og kunstakademi National Academy of Sciences American Academy of Arts and Sciences Royal Society of Canada American Philosophical Society American Association for the Advancement of Science Academia Europaea |
Avram Noam Chomsky (fødd 7. desember 1928) er ein amerikansk professor i lingvistikk kjend for nyskapande språkteoriar. Chomsky er tilsett ved Massachusetts Institute of Technology og skapar av chomskyhierarkiet, ei klassifisering av formelle språk. Chomsky sitt arbeid innanfor generativ lingvistikk bidrog sterkt til behaviorismen sin nedgang og leidde til fremjinga av kognitive vitskapar. I boka Syntatic Structures introduserte han teorien om at delar av den menneskelege grammatikken er nedarva i hjernen. Teoriane hans har hatt stor innverknad, sjølv om fleire forskarar ikkje er samde i dei.
Ved sida av arbeidet innom språkvitskap er Chomsky mest kjend for sine venstreradikale synspunkt, og kritikk mot USA sin utanrikspolitikk. Han skildrar seg sjølv som libertær sosialist og tilhengar av anarkosyndikalisme. Chomsky var aktiv sionist på 1940-talet, men han var motstandar av opprettinga av staten Israel i 1948.