Nominativ eller nemnefall er eit grammatisk kasus, det sentrale bruksområdet til nominativ er å skilje subjektet frå objektet i setninga.[1] I språk med små kasussystem (t.d. berre nominativ og akkusativ) blir nominativ brukt til å markere subjektet og subjektspredikativet, og akkusativ blir brukt til dei fleste andre syntaktiske funksjonar.