조선민주주의인민공화국 Chosŏn Minjujuŭi Inmin Konghwaguk (norsk: Nord-Korea, nordkoreansk) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «Achimŭn pinnara» | ||||||
Motto | Ein er viss på å vinne dersom ein trur og stolar på folket[treng kjelde] | ||||||
![]() | |||||||
Offisielle språk | Koreansk | ||||||
Hovudstad | P'yŏngyang | ||||||
Styresett |
Sosialistisk Republikk Kim Jong-un (de facto) Kim Il-sung (de jure) Kim Tok-hun | ||||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn |
120 538 km² (98.) 0,1 % | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Tettleik |
25 248 140 (50.) 209,5 /km² (43.) | ||||||
Sjølvstende - Dato |
Frå Japan 15. august 1945 | ||||||
Nasjonaldag | 9. september | ||||||
BNP – Totalt (2014) – Per innbyggjar |
40 000 mill. USD (109.) 1 800 USD (177.) | ||||||
Valuta | Nordkoreansk won | ||||||
Tidssone | UTC +9 | ||||||
Telefonkode | +850 | ||||||
Toppnivådomene | Ingen, men .kp er reservert | ||||||
¹ Kim Il-sung er erklært som «president i all æve», så offisielt er han president i landet. Likevel er Kim Jong-un de facto statsoverhovud i Nord-Korea, og er ofte rekna som presidenten i landet. |
Den demokratiske folkerepublikken Korea er eit land i Asia. Det grensar til Sør-Korea, Kina, og Russland.
Nord-Korea (eller offisielt Den demokratiske folkerepublikken Korea, (koreansk Chosŏn Minjujuŭi Inmin Konghwaguk, hangul 조선민주주의인민공화국), hanja 朝鮮民主主義人民共和國; ofte forkorta DPRK) opptek den nordlege halvdelen av den koreanske halvøy i austlege Asia. Nord-Korea grensar mot Sør-Korea i sør, og mot Kina og Russland i nord. Nordkoreanarar refererer til sitt eige land som Pukchosŏn («Nord-Chosŏn», 북조선), sjå Korea på koreansk.
Nord-Korea fylgjer Kim Il-sung sin politiske filosofi, juche (sjølvberging), og sidan 1990-talet òg Kim Jung-il sin eigen Songun-politikk (militæret fyrst). Offisielt held dei val, og etter konstitusjonen i landet respekterer dei menneskerettane. Den politiske makta er plassert hjå Det koreanske arbeidarpartiet. Om lag 200 000 nordkoreanarar sit i konsentrasjonsleirar, der ein og familien i tre generasjonar kan verta fengsla og sett til tvangsarbeid; jamvel for dei mest atterhaldne systemkritiske ytringane.[1] Landet prøver å vera sjølvstendig frå andre land, men har hatt store problem sidan stønaden frå Sovjetunionen fall bort i byrjinga av 1990-talet. Landbruksproduksjonen dekkjer ikkje trongen på mat, og dette har ført til svolt fleire stader i landet. [2] Korrupsjon er utbreidd.[3]