Nord-Ouest | |||
Nòdwès | |||
departement | |||
Land | Haiti | ||
---|---|---|---|
Hovudstad | Port-de-Paix | ||
Nord-Ouest i Haiti 19°57′00″N 72°50′00″W / 19.95°N 72.833333333333°W | |||
Kart som viser Nord-Ouest i Haiti.
| |||
Wikimedia Commons: Nord-Ouest (department) |
Nord-Ouest (haitisk Nòdwès) er eit av ti departement i Haiti. Det ligg nordvest i landet, og grensar til Nord i aust og Artibonite i sør. Nord-Ouest ligg elles ved Windward Passage, sundet som skil Haiti frå Cuba. Hovudstaden er Port-de-Paix.
Utanom øya Tortuga og kystområda nær Port-de-Paix, er departementet for det meste tørt og bert. Port-de-Paix, som tidlegare var ein stor eksportør av kaffi og bananar, importerer no mykje frå Miami i USA.