Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


Norden

Flagga til dei nordiske landa. F.v.: det finske, islandske, norske, svenske og danske flagget.
Norden, inkludert Svalbard i mørkeblått. Grønland i lyseblått

Norden eller norderlanda er nemninga på dei nord-europeiske landa Noreg, Sverige, Danmark, Finland og Island. Ein reknar vanlegvis også med dei sjølvstyrte områda Færøyane, Grønland og Åland i somme høve. Sidan dei fleste samane bur i nordiske land, er dei òg ei viktig folkegruppe i området. Til saman bur det rundt 27 millionar menneske i Norden.

Dei nordiske landa har mange felles trekk, såleis har dei blant anna nærskylde språk, med unntak av fleirtalsmålet i Finland (og Grønland), og til ei viss grad Island. Dei er alle parlamentariske demokrati, og har alle utvikla ein velferdsstat som skal sikre innbyggjarane mot sosial naud.

Dei nordiske landa samarbeider i det rådgivande organet Nordisk Råd. I 1948 blei det forsøkt å få i stand eit skandinavisk forsvarsforbund, men dette lukkast ikkje på grunn av at sterke krefter i Danmark og Noreg heller ville slutte seg til dei vestlege stormaktene i NATO. Sidan 1949 har Island, Noreg og Danmark vore medlemmer i NATO, mens Sverige og Finland har vore alliansefrie land.

Heller ikkje i høve til EU har dei nordiske landa stått saman, da Danmark, Sverige og Finland har valt å gå inn, mens Island og Noreg har valt å ikkje bli medlemmer av EU. Trass i desse ulike internasjonale organisasjonstilknytingane, er det svært mykje praktisk samarbeid mellom dei nordiske landa, og innbyggjarane føler seg nært knytte til kvarandre, ikkje minst når dei treffest i andre delar av verda.

Under Kalmarunionen frå 1397 til 1523 var heile Norden samla i eit tronfellesskap som sameinte dei tre kongedøma Danmark, Noreg (med Island, Grønland og Færøyene), og Sverige (med Finland).

Motsett «Norden» omfattar omgrepet Skandinavia vanlegvis berre dei tre landa Noreg, Danmark og Sverige, slik omgrepet blir bruka på norsk.


Previous Page Next Page