Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


Noregsveldet

Kart over Noregsveldet

Noregsveldet er ei nemning på det landområdet kongen av Noreg rådde over då riket var på det største i høgmellomalderen. Delane utanom Noreg kunne verta kalla skattland. Noregsveldet var eit nokså laust samband mellom heimlandet og dei områda der folk frå Noreg hadde slege seg ned i løpet av vikingtida. Det som batt veldet saman var skipsfart og handel. Veldet er rekna for å ha vore på sitt største og sterkaste på slutten av kong Håkon IV Håkonsson si regjeringstid. Etter kvart overtok hanseatane mykje av norsk utanrikshandel, og sambandet med skattlanda i vest minka. Etter Svartedauden i 1349 vart sambandet minska endå meir, og Noreg kom inn i den danskdominerte Kalmarunionen i 1397.

Noregsveldet hadde erkebiskopen av Nidaros som kyrkjeleg overherre innan den katolske kyrkja. Då erkebiskop Olav Engelbrektsson reiste frå landet i samband med reformasjonen i 1537, vart Noreg ein del av Danmark-Noreg.


Previous Page Next Page