Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


Norm

Norm vert nytta som ei samnemning for ulike typar av vurderingsgrunnlag og retningsliner som er med på å rettleie og styre sosial handling. Normene kan vere eksplisitt formulerte eller eksistere som «taus» kunnskap i samfunnet.

Dei eksplisitt formulerte normene kan gjelde til dømes offisielle lover for ein stat, rettskrivingsreglar for eit språk og ordensreglar for eit burettslag. Slike eksplisitt formulerte normer har ein offisiell karakter. Dei eksplisitt formulerte normene kan òg ha ein mindre formell karakter, det gjeld mellom anna handbøker i skikk og bruk eller munnleg formidla normer om kva som er god åtferd.

Dei «tause» normene refererer til ikkje-formulerte postulat og til haldningar, intuisjonar og forventingar til kva som er korrekt, mogleg og meiningsfull åtferd.

Eit vanleg skilje i normteorien går mellom konstitutive normer og regulative normer, basert på filosofen John Searle sin terminologi. Konstutive normer er normer som gjer erkjenning og handling mogleg. Døme på slike normer er spelereglar i backgammon; dei gjer det mogleg å spele backgammon – utan reglane vert spelet meiningslaust. Dei konstitutive normene definerer såleis ein praksis, og fastset kva for aktivitetar og handlingar som er sosialt relevante. Det same gjeld for språk. Konstitutive språknormer er normer som gjer visse typar språkbruk (eller språkbruk generelt) mogleg, og det gjeld som oftast «tause» normer innanfor syntaks, semantikk, pragmatikk og så bortetter. Regulative normer skil seg frå dei konstitutive ved at dei i og for seg ikkje er nødvendige, men hjelpemiddel for å oppnå handling og erkjenning. Vi kan tenkje oss at rettskrivingsreglar og uttalereglar er døme på regulative normer ved at dei gjer det lettare å nå meir grunnleggjande sider ved språk.

Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

Previous Page Next Page