Normalspor definerer ein avstand, sporvidda, mellom dei to skjenestrengane på eit jarnbanespor, T-banespor eller trikkespor på 1435 millimeter, tilsvarande 4' 8 1/2". Spor med større sporvidd enn dette blir kalla breispor, medan spor med mindre sporvidd blir kalla smalspor. Tidlegare nytta ein i Noreg omgrepet bredspor òg om det som i dag blir kalla normalspor, fordi smalspora jernbanar lenge var det normale her i landet.
Normalspor er den mest brukte sporvidda i verda, spesielt i Nord-Amerika og Europa, med unnatak av Spania, Portugal, Irland, Finland og landa i det tidlegare Sovjetunionen.