Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


Norske Samers Riksforbund

Norske Samers Riksforbund

Typeforening/lag/innretning
Org.nummer971481463
Skipa30. november 1968
HovudkontorKautokeino kommune
LeiarBeatrice Fløystad
Ideologiurfolksrettigheter, agrarparti, identitetspolitikk
Medlemmer1 148
Nettstadhttps://nsr.no/?lang=se Sjå dette på Wikidata
Sametingsgruppa til Norske Samers Riksforbund i perioden 2005–2009.
Foto: Norske Samers Riksfobund

Norske Samers Riksforbund (fork. NSR, nordsamisk Norgga Sámiid Riikkasearvi, lulesamisk Vuona Sámij Rijkasiebrre, sørsamisk Nøørjen Saemiej Rijhkesiebrie) er den største samiske organisasjonen i Noreg. Organisasjonen stiller vallister ved Sametingsval og har lenge samarbeidd med Samefolkets parti og Samepolitisk Råd i Senterpartiet politisk.

NSR blei stifta 30. november 1968, men historia til organisasjonen går lengre tilbake. Den første sameforeininga på norsk sida blei stifta allereie i 1906, to år etter Elsa Laulas manande appell frå 1904 og den første foreininga på svensk side. NSR blei grunnlagd som eit samband av dei lokale sameforeiningane i Finnmark og Oslo Sámiid Searvi. NSR stod sentralt i kampen mot utbygging av Alta-Kautokeino vassdraget. Dei tre første presidentane til det norske Sametinget, Ole Henrik Magga, Sven-Roald Nystø og Aili Keskitalo, har komme frå NSR. NSR har hovudsekretariatet i Guovdageaidnu/Kautokeino.


Previous Page Next Page