Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


Nynorskordboka

Nynorskordboka er ei ordbok for nynorsk som i tillegg til rettskriving inneheld ordsoge og kortfatta leksikalske fakta. Ho har funnest som trykt bok sidan 1986, som nettordbok sidan noko før 1995[1] og som app (Ordbøkene) sidan 2017.

Arbeidet med ordboka tok til i 1974, og første utgåva kom i 1986, parallelt med Bokmålsordboka. Nye utgåver kom i 1993, 2001 og 2006. Ordboka er gjeven ut på Det Norske Samlaget, men vart tilverka av Seksjon for leksikografi og målføregransking ved Universitetet i Oslo i samarbeid med Språkrådet.

Nynorskordboka på nett vart utvikla av Universitetet i Oslo i samarbeid med Språkrådet. I september 2016 overtok Universitetet i Bergen som samarbeidspartnar med Språkrådet.[2]

Redigeringa av førsteutgåva var fordelt slik:

Magne Rommetveit Føreord, innleiing og brukarrettleiing
Sigurd Nordlie og Dagfinn Worren a - bowlingspelar
Dagfinn Worren br - cøliakisk
Laurits Killingbergtrø og Marit Hovdenakd
Laurits Killingbergtrø e - g
Laurits Killingbergtrø og Sigurd Nordlie h
Sigurd Nordlie i
Laurits Killingbergtrø og Sigurd Nordlie j
Dagfinn Worren og Arne Lauvhjell k
Marit Hovdenak l - n
Dagfinn Worren o
Arne Lauvhjell og Magne Rommetveit p - r
Dagfinn Worren s
Arne Lauvhjell og Sigurd Nordlie t - toårskontrakt
Dagfinn Worren trabelere - triårs
Laurits Killingbergtrø tro - uåte
Dagfinn Worren v
Sigurd Nordlie w - å
Håvard Hjulstad EDB-opplegg

Nettutgåve 2012-

Oddrun Grønvik, redaktør 2012-14

Terje Svardal, redaktør 2017-

Christian-Emil Ore, UiO: IT-format

  1. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Edle
  2. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet UiB

Previous Page Next Page






Nynorskordboka NB Nynorskordboka Swedish

Responsive image

Responsive image