Olav Rusti | |
Fødenamn | Olav Rusten |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 29. mars 1850 |
Død |
3. februar 1920 (69 år) |
Yrke | kunstmålar, kunstnar |
Ektefelle | Frida Hoeck Rusti |
Olav Rusti på Commons |
Olav Georg Martinius Rusti (fødd 29. mars 1850 i Vanylven, død 3. februar 1920 i Bergen) var ein norsk kunstmålar.
Olav Rusti voks opp med etternamnet Rusten, men endra det seinare til Rusti av di dette høydest meir norsk ut. Rusti var aktiv i Vestmannalaget, og var oppteken av målsaka og bygdekultur. Han gifta seg i 1892 med tyskfødde Frida Hoeck Rusti (1861-1963), som òg var kunstnar. Frå 1895 budde dei i huset Urdi i Bergen. Huset heitte då Uren, men Rusti endra namnet til Urdi. Rusti har fått gata Olav Rustis gate på Gyldenpris kalla opp etter seg.