Oldowan er nemninga på den eldste kjende tradisjonen av framstilte steinverktøy, laga av førhistoriske hominidar i tidleg eldre steinalder. Oldowan-verktøy er mindre steinar av kvarts, kvartsitt eller basalt som er hakka i to retningar til ein egg ein kan hakka, skrapa eller skjera med. Dei første tydeleg framstilte olduwanverktøya, funne i Etiopia, er 2,6 millionar år gamle.[1] Verktøya blei spreidde til store delar av Afrika og Eurasia. Dei fortsette å lagast i rundt 1 million år, og blei gradvis vidareutvikla til acheuléenverktøy, men blei lenge laga parallelt med desse.
Namnet oldowan (eller olduwan) kjem frå Olduvai, ein dal i Tanzania der dei første, og mange av dei eldste, funna av slike verktøy er gjort. Tidlegare blei desse verktøya kalla abbevillien, etter funn gjort i Abbeville i Frankrike.
Ein tenkte lenge at slekta Homo skilde seg frå Australopithecus og Paranthropus gjennom bruk og tilverking av verktøy. I dag meiner ein i staden at både Homo og Australopithecus laga verktøy, medan Paranthropus i det minste nytta dei.