Oljeberget | |||
جبل الزيتون, الطور, Jabal az-Zaytūn, Aț-Țūr, הַר הַזֵּיתִים, Har HaZeitim | |||
fjell | |||
Flyfoto av Oljeberget
| |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Jerusalem distrikt | ||
Del av | Jerusalem-åsene | ||
Fjellkjede | Judeafjella | ||
By | Jerusalem | ||
Høgd | 826 moh. | ||
Koordinatar | 31°47′00″N 35°15′03″E / 31.78333°N 35.25083°E | ||
Oljeberget 31°46′41″N 35°14′44″E / 31.777946°N 35.245686°E | |||
Kart som viser Oljeberget.
| |||
Wikimedia Commons: Mount of Olives |
Oljeberget (arabisk جبل الزيتون, الطور, Jabal az-Zaytūn, Aț-Țūr; hebraisk הַר הַזֵּיתִים, Har HaZeitim) er ein fjellkam aust for og like ved Gamlebyen i Jerusalem.[1] Han er kalla opp etter olivenlundane som ein gong dekte fjellsida. Den sørlege delen av fjellet var nekropolis for det gamle judeiske kongedømet.[2] Fjellet har blitt nytta som jødisk gravplass i over 3 000 år og har kring 150 000 graver, noko som gjer han sentral i tradisjonen kring jødiske gravplassar.[3] Fleire viktige hendingar i livet til Jesus som vert fortalt i Evangelia fann stad på Oljeberget, og i Apostelgjerningane er han som skildra som staden der Jesus steig til himmelen. Fordi det er knytt til både Jesus og Maria, har Oljeberget vore heilag kristen stad sidan antikken og er i dag ein stor pilegrimsstad for ortodokse, katolikkar og protestantar.