Oppland fylke | |||
fylke | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Del av | Austlandet | ||
Adm.senter | Lillehammer | ||
Areal | 25 190 km² | ||
• land | 23 878 km² | ||
• vatn | 1 312 km² | ||
Folketal | 189 545 (1. januar 2019)[1] | ||
Målform | nøytral | ||
Statsforvaltar | Knut Storberget | ||
Fylkesordførar | Even A. Hagen (Ap) | ||
Fylkesnummer | 05 | ||
Oppland fylke 61°25′N 9°20′E / 61.41°N 9.34°E | |||
Wikimedia Commons: Oppland | |||
Nettstad: www.oppland.no |
Oppland er eit tidlegare fylke i Noreg. Det grensa til Trøndelag i nord, Møre og Romsdal i nordvest, Sogn og Fjordane i vest, Buskerud i sørvest, Oslo i sør, Akershus i søraust og Hedmark i aust. Oppland var saman med Hedmark dei einaste fylka i Noreg som ikkje har kyst. I 2020 blei fylket del av det nye Innlandet fylke.
Oppland bestod av dei to dalføra Gudbrandsdalen og Valdres, og dei tre landskapa Toten, Hadeland og Land. Det var fire byar i fylket Gjøvik, Lillehammer, Otta og Fagernes. Fylkesadministasjonen låg på Lillehammer. Jordbruk, industri og turisme var dei største næringane i fylket.
Fylkesvåpenet blei godkjent i 1989 og har ein sølv mogop mot ein grøn bakgrunn. Dei to blomane symboliserer dalføra, Gudbrandsdalen og Valdres, og dei tre blada symboliserer landskapa sør i fylket.