Oselvar eller oselver er namn på ein klinkbygd sørvestlandsk båttype som har vore svært utbreidd i ytre strok av Hordaland i mange hundre år. Oselvar vart i 2009 kåra til Noregs nasjonalbåt av Redningsselskapet.[1] I 2016 vart oselvaren sett på Unesco si liste over immateriell verdsarv.[2]