Oslo Lufthamn | |||
| |||
IATA | OSL | ||
---|---|---|---|
ICAO | ENGM | ||
Operatør | Avinor | ||
Tener | Oslo, Austlandet | ||
Stad | Nannestad kommune, Ullensaker kommune | ||
Opna | 8. oktober 1998 | ||
Høgd | 208 meter, 682 fot | ||
Koordinatar | 60°12′10″N 11°5′2″E | ||
Nettstad | http://www.osl.no |
Oslo Lufthamn (IATA: OSL, ICAO: ENGM), tidlegare kjend som Oslo Lufthamn, Oslo Lufthamn, Gardermoen, Gardermoen og OSL, er den største og mest trafikkerte lufthamna i Noreg.[1][2] Lufthamna ligg på Romerike nord for Oslo, for det meste på Gardermoen i Ullensaker kommune, men har òg areal i grannekommunen Nannestad.
Norwegian, SAS og Widerøe har base på Gardermoen. Gardermoen har to parallelle rullebanar som er høvesvis 3 600 m (01L/19R) og 2 950 m (01R/19L) lange, og 71 flyoppstillingsplassar. Gardermoen flystasjon utgjer den militære delen av lufthamnsområdet og er driven av Luftforsvaret.
Jarnbanelina mellom Oslo og Hamar passerer lufthamna, med stasjon under ekspedisjonsbygningen, der både langdistansetoga og lokaltoga på denne strekninga stoggar. Her er dessutan særskild stasjon for høgfartstoget Flytoget mellom lufthamna og Drammen, med stopp på dei store stasjonane undervegs, mellom andre Oslo Sentralstasjon og Nationaltheatret stasjon i Oslo sentrum.