Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


Patriarken Isak

Isak

DødKanaan
Tittelprofet, patriark
Opptrer i1. Mosebok 24, 1. Mosebok 25, 1. Mosebok 26, 1. Mosebok 27, 1. Mosebok 28, 1. Mosebok 31, 1. Mosebok 32, 1. Mosebok 35, 1. Mosebok 46, 1. Mosebok 48, Koranen
Identifisert medIsak i islam
GravstadPatriarkgrotta
Landingen verdi
MorSara
FarAbraham
EktefelleRebekka
BarnPatriarken Jakob, Esau
MedlemPatriarkane i Bibelen

Patriarken Isak var son til Abraham og Sara og ein av stamfedrane til jødefolket.

Ifylgje 1. mosebok var Abraham 100 og Sara over 90 år då Isak vart fødd. Abraham og Sara hadde difor gjeve opp å få born i lag, men Gud vitja Abraham i teltet hans og fortalde han at om eitt år ville Sara få ein son, og at dei skulle gje han namnet Isak. Eitt år etter fødde Sara Isak. Namnet tyder 'må Gud le'.

Då Isak enno var liten, ville Gud setja Abraham på prøve og bad han ofra Isak på Moriafjellet. Då Gud såg at Abraham lydde han i alt han sa, stansa han Abraham og sa han ville signa han og ætta hans storleg.

Ikon av Isak.

Isak gifte seg med Rebekka, sonedotter til Nakor, bror til Abraham. Saman med henne fekk Isak tvillingsønene Jakob og Esau. Isak vart arvingen til Abraham, og han gav han alt det han åtte.

I Koranen er Ishaq nemnt som ein profet av islam, far til israelittane og ein rettferdig Guds tenar.


Previous Page Next Page






Ishaq ACE Isak AF Isaak (Erzvater) ALS ይስሐቅ AM إسحاق Arabic اسحاق ARZ İshaq AZ Ісак BE Ісаак BE-X-OLD Исаак Bulgarian

Responsive image

Responsive image