Paul Signac | |
![]() | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 11. november 1863 Paris |
Død |
15. august 1935 (71 år) |
Yrke | kunstmålar, teiknar, grafikar, grafikar, bygningstegner |
Sjanger | portrett, figure, landskapsmåleri, byprospekt, stilleben |
Medlem av | Les XX, Salon des Indépendants |
Ektefelle | Berthe Roblès |
Born | Ginette Signac |
![]() | |
Paul Signac på Commons |
Paul Victor Jules Signac (11. november 1863–15. august 1935) var ein fransk kunstmålar. Han vert rekna som den viktigaste teoretikaren for pointillismen, og ved sidan av Georges Seurat den fremste målaren innanfor stilretningane neoimpresjonisme og pointillisme.
Signac måla nesten utelukkande friluftsbilete med lyse, reine spektralfargar, særleg hamnemotiv frå kysten av Normandie og Middelhavet. Etter kvart vart målingsflekkane stadig større, og byrja danne eit eige abstrakt mønster i bileta. Signac sine verk hadde stor innverknad for den framveksande modernismen tidleg på 1900-talet.