Permafrost vil seia at det er tele i jorda året rundt. Medan øvre jordlag kan tina om sommaren, vil dei som er lenger nede alltid vera frosne. Permafrost er vanleg ved dei nordlegaste og sørlegaste breiddegradene. I Noreg er det typisk permafrost i høgfjellet og på Svalbard.
Vitskapleg er permafrost definert som område der MAGT, (mean annual ground temperature, 'gjennomsnittleg årleg bakketemperatur') ligg under trykksmeltepunktet i minst to år på rad. Dette tilsvarar som oftast område der MAAT (mean annual air temperature, 'gjennomsnittleg årleg lufttemperatur') er −2 °C eller kaldare.