Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


Petroleumsverksemd

Petroleumsverksemd, petroleumsnæringa eller oljeindustrien vert gjerne brukt om alt som har med produksjon av petroleum å gjere, frå utvinning og transport, til foredling og sal, samt forsyningsnæringa (som oftast kalla supplynæringa). Desse vert gjerne delt inn att i offshore (eller utaskjærs) verksemd og landbunde (onshore) verksemd.

Ettersom petroleum er ei av dei viktigaste energikjeldene i verda, er slik verksemd viktig for både lokalsamfunn og land (sjå mellom anna petroleumsverksemda i Noreg). I mange land er petroleumsverksemd ein av dei viktigaste næringsvegane. Petroleumsnæringa treng mykje og dyrt utstyr, og mykje mannskap, noko som fører med seg store positive økonomiske ringverknader. Petroleumsverksemda er i somme land vorte så omfattande at det utgjer mest heile nasjonaløkonomien. Mellom slike land er Kuwait og Saudi-Arabia. Om inntektene til eit land er tufta mest berre på petroleumsverksemd, vert det omtala som Kuwaitøkonomi.

Petroleumsverksemd vert vanlegvis delt inn i tre hovuddelar. Desse delane er:


Previous Page Next Page