Pierre Bourdieu | |||
| |||
Fødd | Pierre Félix Bourdieu 1. august 1930 Denguin | ||
---|---|---|---|
Død | 23. januar 2002 12. arrondissement i Paris | ||
Nasjonalitet | Frankrike | ||
Område | sosiologi | ||
Yrke | filosof, sosiolog, antropolog, skribent, fotograf, omsetjar, forskar | ||
Institusjonar | École des hautes études en sciences sociales Collège de France Faculté des lettres de Paris École des hautes études en sciences sociales Universitetet i Paris Université Lille-I | ||
Alma mater | École normale supérieure Lycée Louis-Barthou Lycée Louis-le-Grand | ||
Doktorgradsrettleiar | Georges Canguilhem | ||
Ektefelle | Marie-Claire Bourdieu | ||
Barn | Emmanuel Bourdieu, Laurent Bourdieu, Jérôme Bourdieu | ||
Medlem | Det europeiske akademiet for vitskap og kunst American Academy of Arts and Sciences Association de réflexion sur les enseignements supérieurs et la recherche |
Pierre Bourdieu (1. august 1930–23. januar 2002) var ein banebrytande fransk sosiolog, professor ved Collège de France i Paris frå 1980.
Bourdieu si forskarbane starta på slutten av 1950-åra med etnologiske og sosiologiske undersøkingar frå Algerie. Utover 1960-talet utvikla han vidare forsking kring studentar og utdanningssystemet, litteratur og kunst i Frankrike. Eit kjenneteikn ved Bourdieu sin arbeidsmåte har vore at han stadig har kome attende til desse tema-områda og utvida dei. Studiar av høgkulturen blei gradvis utvida til samanfattande analysar av smaken hjå dei ulike sosiale klassane i Frankrike i hovudverket La distinction. Critique sociale du jugement frå 1979.[1]