Pireus Lokalt namn Πειραιάς | |
---|---|
Pireus hamn | |
Geografi | |
Stad | Attikí |
Koordinatar | 37°57′N 23°38′E / 37.950°N 23.633°E |
Areal | 10,865 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining |
Attikí Pireus |
Hovudsete | Pireus (168 151 innb.) |
Demografi | |
Folketal | 168 151 (2021[1]) |
Folketettleik | 15 476 /km² |
Pireus (gresk Πειραιάς, Pireás; i antikken/katharevousa Πειραιεύς, Peiraieús, på mange andre språk Piraeus) er ein by og ein kommune i periferien Attikí i Hellas, like sør for Aten.[2] Han er ein del av storbyområdet til Aten og er hovudstad i periferieininga Pireus.
Pireus var hamna til Aten i antikken og vart vald som den moderne hamna då Aten vart grunnlagd på ny i 1834. Pireus er den største hamna i Europa (og den tredje største i verda) med omsyn til passasjertransport, og handsamar om lag 19 millionar passasjerar årleg.
Innbyggjartalet til kommunen Pireus (Δήμος Πειραιώς, Dimos Pireós) er om lag 170 000, medan periferieininga (byområdet) har eit folketal på rundt 450 000.
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Folketeljing_2021