Piz Sesvenna | |||
fjell | |||
Piz Sesvenna (i midten) med Sesvennabreen
| |||
Land | Sveits | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Sesvennafjella | ||
Høgd | 3 204 moh. | ||
Primærfaktor | 1 055 m ↓ mot Ortler | ||
Koordinatar | 46°42′21.7″N 10°24′10.6″E / 46.706028°N 10.402944°E | ||
Piz Sesvenna 46°42′22″N 10°24′11″E / 46.706027777778°N 10.402944444444°E | |||
Kart som viser Piz Sesvenna.
| |||
Wikimedia Commons: Piz Sesvenna |
Piz Sesvenna er eit 3 204 meter høgt fjell i Sesvennafjella i Engadin. Fjelltoppen ligg tett vest for landegrensa mellom Italia og Sveits. Fjellet ligg i den sveitsiske kantonen Graubünden, aust for kommunen Scuol. Nord for austegga ligg isbreen Sesvennabreen.
Toppen kan ein nå frå Schlinig i Sør-Tyrol via fjellhytta Sesvennahütte i Schlinigtal. Frå fjellhytta går turen gjennom Sesvenna-skaret og over isbreen og austegga til det høgste punktet. Ein kan også klive til topps med utgangspunkt i Taufers og gjennom dalen Avignatal.