Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. |
Pontius Pilatus | |||
| |||
Namn | latin Pontius Pīlātus, gresk Πόντιος Πιλᾶτος, Póntios Pilâtos | ||
---|---|---|---|
Fødd | Truleg desember 12 f.Kr. | ||
Fødestad | Abruzzo | ||
Dødsstad | Palazuelos de Eresma | ||
Yrke | politikar, funksjonær | ||
Helgendag | 25. juni |
Pontius Pilatus var ein romersk guvernør eller prefekt i Palestina, den dåverande romerske provinsen Judea, frå år 26/27 til rundt år 36/37 e.Kr under keisar Tiberius.[1] Han er mest kjend frå Bibelen der han er den som tok den endelege avgjerda om krossfestinga av Jesus.
Dei biografiske detaljane om livet hans før og etter stillinga hans i Judea er stort sett ukjende, men har vorte utvida av legendarisk material som hevdar at namnet til kona hans var Procula (ho er kanonisert som ein helgen i Den ortodokse kyrkja) og i nokre versjonar at fødestaden hans var i Fortingall i Perthshire i Skottland. Pilatus sjølv er ein helgen i Den etiopiske ortodokse kyrkja.
Ein antikk inskripsjon som er kjend som Pilatus-steinen, stadfestar utover den bibelske omtalen at han var ein historisk figur og etablerer tittelen hans som prefekt. Han er i tillegg kortfatta omtalt av Tacitus, Filon av Alexandria og Josefus, i tillegg til dei fire kanoniske evangelia; Apostelgjerningane; Paulus’ fyrste brev til Timoteus; Nikodemusevangeliet; Markionevangeliet, og andre apokryfiske verk. Basert på desse kjeldene verker det som om Pilatus var ein equites frå familien Pontii (gens Pontia), og etterfølgde Valerius Gratus som prefekt av Judea i år 69. Like etter at han byrja i stillinga fornærma han dei religiøse kjenslene til undersåttane sine, noko som førte til hard kritikk frå Filon, og mange tiår seinare også frå Josefus, som skreiv om det rundt år 93.[2] Pilatus blei avsett og send tilbake til Roma av Lucius Vitellius etter å ha slått ned eit opprør av samaritanarane med harde middel. Han kom tilbake like etter at Tiberius døydde den 16. mars i 37. Pilatus blei erstatta av Marcellus, ein venn av Lucius Vitellius.
I alle dei fire evangelia er det framstilt som at Pilatus prøvde å hindra avrettinga av Jesus, og først bøygde seg då menneskemengda nekta å gje seg. Han søkte deretter å seia frå seg personlig ansvar for Jesu død. I Evangeliet etter Matteus vaska Pilatus hendene sine for å vise at han ikkje er ansvarleg for avrettinga av Jesus, og sende han deretter motvillig i døden.[3] I Evangeliet etter Markus er Jesus framstilt som uskyldig i å driva samansverjing mot Romarriket og framstiller Pilatus som motvillig i å avretta han.[3] I Evangeliet etter Lukas er Pilatus ikkje einig i at Jesus har konspirert mot Roma, men heller ikkje Herodes Antipas, tetrarken av Galilea, fann noko forrædersk i handlingane til Jesus.[3] I Evangeliet etter Johannes uttalte Pilatus at «Eg finn inga skuld hos denne mannen,»[4] og han spurte jødane om Jesus burde bli lauslaten frå varetekt.[5]