Posletta (italiensk Pianura Padana), ofte kalla Podalen, er eit stort geografisk område i Italia. Ho strekker seg 600 km frå vest til aust og elva Po renn over sletta frå Alpane til Adriahavet. Sletta strekker seg derimot austover i Veneto, der Po ikkje renn.
Posletta heller slakt frå ei høgd på om lag 500 meter sør i Piemonte (provinsen Cuneo) mot sjøen og elvedeltaet til Po. Mange sideelvar til Po renn på kvar side av sletta frå Alpane i nord og frå Appenninane i sør. Dei største sideelvane til Po er Tanaro, Scrivia, Trebbia, Panaro og Secchia i sør og Dora Riparia, Dora Baltea, Sesia, Ticino (frå Lago Maggiore), Adda (frå Comosjøen), Oglio (frå Iseosjøen) og Mincio (frå Gardasjøen, òg kalla Sarca i øvre delar) i nord.