Premier League | |||
![]() | |||
Skipa | 20. februar 1992 | ||
---|---|---|---|
Land | Storbritannia | ||
Nettstad | https://www.premierleague.com |
FA Premier League er den engelske toppserien i fotball for menn. Han består av dei 20 beste fotballklubbane i det engelske ligasystemet. Serien vart oppretta i 1992 av dei dåverande laga i den tidlegare førstedivisjonen i The Football League. Premier League er den mest sette sportsligaen i verda, og også den mest lukrative. Det er berre fem klubbar som har makta å vinne ligaen i løpet av dei 19 sesongane han har eksistert; Manchester United, Blackburn, Chelsea, Arsenal og Manchester City. Manchester United har vunne den suverent flest gangar med sine 13 meisterskap.