Provinsar (farsi استان ostān, fleirtal farsi استانها ostānhā) er det øvste undernasjonale området i Iran, kvar styrt av eit lokalt senter, vanlegvis den største byen i provinsen, som vert kalla hovudstad (farsi مرکز, markaz) i provinsen. Styresmaktene i provinsen vert styrt av ein generalguvernør[1] (farsi استاندار, Ostāndār), som vert utpeikt av det iranske innanriksdepartementet og vert godkjend i regjeringa.