Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


Psykedelisk musikk

Psykedelisk musikk (stundom berre kalla psykedelia)[1] er ei lang rekkje av sjangrar og former for popmusikk påverka av den psykedeliske subkulturen i 1960-åra, der folk brukte psykedeliske narkotika som LSD, fleinsopp, meskalin og DMT for å få visuelle og lydmessige hallusinasjonar, synestesi og endra medvitstilstand. Psykedelisk musikk har som mål å forsterke opplevingane ved å bruke desse dopmidla.

Psykedelisk musikk oppstod i 1960-åra blant vise- og rockeband i USA og Storbritannia, som skapte undersjangrane psykedelisk folk, psykedelisk rock, acidrock og psykedelisk pop før stilen vart mindre populær tidleg i 1970-åra. Dei to første albuma til Pink Floyd, The Piper at the Gates of Dawn og A Saucerful of Secrets, er døme på dette. Eit anna band som er eit døme på denne stilen er The Incredible String Band.

Mange musikksjangrar bygde vidare på den psykedeliske musikken i dei påfølgjande tiåra, som progressiv rock, krautrock og heavy metal. Sidan 1970-åra har den psykedeliske musikken hatt populære periodar att med psykedelisk funk, neo-psykedelia og psykedelisk hiphop, i tillegg til psykedelisk, elektronisk musikk som acid house, trance og new rave.

  1. C. Heylin, The Act You've Known For All These Years: the Life, and Afterlife, of Sgt. Pepper (London: Canongate Books, 2007), ISBN 1-84195-955-3, p. 85.

Previous Page Next Page