Puffinus | |
Persarlire, Puffinus persicus | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Aequornithes |
Orden: | Stormfuglar Procellariiformes |
Familie: | Stormfuglfamilien Procellariidae |
Slekt: | Puffinus Brisson, 1760 |
Puffinus er ei slekt av sjøfuglar i stormfuglfamilien. Slekta samlar rundt 20 små og mellomstore lirer. Artane i denne gruppa er langvenga fuglar med mørk brun eller svart overside, og frå kvit til mørk brun på undersida. Dei er pelagiske utanfor hekkesesongen. Dei er mest vanlege i tempererte og kalde farvatn.
Desse fuglane flyg med stive venger, og brukar ein teknikk for å segle over bølgjefrontar som krev eit minimum av aktiv flyging. Nokre små artar som havlira har omriss av ei krosskyrkje i flukt, når dei held dei lange vengene rett ut frå kroppen. Mange er langdistansemigrantar, til dømes havlira som hekkar på øyar i Nord-Atlanteren, men overvintrar i Sør-Atlanteren, særleg utanfor Brasil og Argentina.
Puffinus-lirer kjem på land på øyar og fuglefjell berre for å hekke. Dei er nattlege under i hekkeperioden, føretrekk netter utan måneskin for å redusere predasjonen. Dei hekkar i hòler og gjev ofte uhyggelege kallerop ved aktivitet om natta. Dei legg eitt kvitt egg. Dei lever av fisk, blekksprut og anna pelagisk føde. Desse artane vil ofte følgje kval for å plukke fisk som vert forstyrra av kvalane, og nokre følgjer fiskebåtar for å ta utkast.