Religionshistorie er ein akademisk disiplin som inngår i fagfelta religionsvitskap og teologi, og som blir undervist ved alle norske universitet og fleire høgskolar.[1] Disiplinen religionshistorie hentar teorigrunnlaget sitt primært frå allmenn historieforsking og sekundært frå antropologi, filosofi og andre disiplinar innan samfunnsvitskap og humaniora.
Akademisk historieskriving handlar om å samle og å ordne eit historisk kjeldemateriale i kategoriane tid, rom og kausalitet (årsak-verknad-samanhengar.) Disiplinen religionshistorie samlar kjelder som er relevante for spørsmål om utvikling av religiøse tradisjonar, og framstiller dei på måtar som også kan bli akseptert utover miljøet og tradisjonen til forfattaren.