Riksveg 827 | |||
---|---|---|---|
Strekning | |||
Sommarset i Tysfjord – Sætran i Ballangen | |||
Informasjon | |||
Lengd | 39,1 km | ||
Status | riksveg | ||
Ferjestrekningar | 1 | ||
Tilstøytande vegar | |||
Riksveg 827 (Rv827) går mellom Sommarset i Tysfjord og Sætran i Ballangen. Vegen (utanom ferjestrekninga) er 39,1 km lang.
Vegen tar av frå E6 ved Sommarset og går austover til Drag, med ferje over Tysfjorden til Kjøpsvik og vidare mot nordaust til Efjorden og nordover langs vestsida av Forsahavet til Sætran der han møter E6 igjen.
Riksveg 827 er eit alternativ til E6 via Ulvsvåg. Riksveg 827 har ein litt lengre ferjestrekning enn E6, men er til gjengjeld 12 km kortare, og manglar bakkene ved Ulvsvågskaret og Skjellesvikskaret.